lørdag, februar 11, 2006

Jakten på det gode liv

Jeg poster nå et langt, men bra utkast av et foredrag Frode Sætre, vår lærer på Hald hadde for oss på infieldkurset, under palmene i Rio. Lover deg at det er verdt å lese, så ta deg tid!

”Jakta på det gode liv”

Eg trur jakta på det gode liv kan samanliknast med jakta på gullkrukka som ligg ved regnbuga sin fot. Du veit vel at ved regnbuga sin fot ligg det ei krukka med gull? Den som finn den vil ha alt han treng for resten av livet (gullkrukka er eit symbol på lukke). Men den som har prøvd å gå til dit regnbuga sluttar, finn at det er umogeleg. For når du går mot den, så flytter regnbuga seg. Regnbuga flytter seg heile tida framfor deg. Om du går til du vert aldri så trøyt, så er regnbuga og gullkrukka alltid der framme, aldri her og no. Dersom du er sta og fortset å gå og gå, så vil regnbuga til sist forsvinna heilt. (Internett: anten fordi du får feil vinkel i forholdet mellom sola og regnet og deg, eller fordi det sluttar å regna.) (Parantes bemerka: Historia om gullkrukka ved regnbuga sin ende har aldri vorte verifisert. Det er faktisk ingen som har sett den. For alt me veit kan det godt henda det er ein myte.)

Eg trur at denne historia seier oss noko om korleis jakta på det gode liv ofte vert: ei jakt på noko som er umogeleg å gripa, som heile tida flytter seg framfor oss. Jfr filmen me såg. Eg trur at til ein viss grad er det slik for dei fleste av oss. Men så er det enkelte som er meir ekstreme jaktarar enn andre. Ein personlighet som eg synest illustrerer noko av vanskane med ”jakta” på ein god måte er Robbie Williams. Han er i ein situasjon der han kan unna seg alt han vil av luksus (dyre bilar, reiser, mat, klede), han kan få (og har hatt) så mange damer han vil, han er berømt over heile verda, han har oppnådd mykje av det som det er mogeleg å oppnå innan pop-industrien. Han har råd til å bruka det han vil av rusmiddel. Likevel gjev han utrykk for at han ikkje er lukkeleg, at han ikkje har funne det gode liv. Det kjem blant anna tydeleg fram i teksten på den første singelen på den siste CD’en hans, ”Feel”, der han ein stad syng: ”I just want to feel real love in a life ever after. There is a hole in my soul, you can see it in my face, it’s a real big place”. Kva hull i sjela er det Robbie Williams talar om? Og dersom ikkje han, med alt han har og har opplevd og har tilgang til, har funne det gode livet, kvar er det då?

Me skal sjå på tre ting Bibelen seier om dette:

Me er skapt til Gud
I følgje Bibelen er årsaka til at det gode liv og lukka er så vanskeleg å finna, at me lever som innvandrarar i eit land som ikkje er vårt eige, og me lengtar attende til der me kjem frå.

I byrjinga av Bibelen ser me korleis Gud og menneske levde saman. Menneske var den einaste skapningen som var skapt til å kunna vera saman med og ha fellesskap med Gud. Så lenge det var slik var det Paradis. Edens hage. Men så gjekk ting galt. Menneska i Eden byrja å mistru Gud: Gud seier han vil oss det beste, men kanskje han held tilbake noko for oss? Kanskje han eigentleg ikkje vil oss det beste? Kanskje me eigentleg ikkje treng nokon Gud i det heile tatt? Kanskje me like godt kan vera gud i våre eigne liv? Fellesskapet mellom Gud og menneske som var basert på gjensidig tillit og kjærleik, vart forgifta av mistru og mistillit. Og som me veit, når mistru og mistillit kjem inn i relasjonane våre, så varer dei ikkje. Så også her. Relasjonen mellom Gud og menneske vart broten. Menneska vart sendt ut av Guds nærleik. I Bibelen vert dette skildra biletleg, på den måten at først vert Adam og Eva send ut av Edens hage, og så etter at Kain har drept Abel, ender menneska opp i landet Aust for Eden.

”Aust for Eden” er tittelen på ein av dei tre filmane James Dean rakk å spela inn før han døyde 24 år gammal. James Dean vart på 50-60 – talet ein kultfigur for unge menneske, fordi han på ein unik måte skildrar ei blanding av opprør og trass, blanda med heimlaushet, sårbarhet og lengsel. Han skildra noko av korleis det er å bu Aust for Eden, og korleis det er å ikkje føla seg heilt heima, å lengta etter noko meir, å lengta attende til noko som me har gløymt kva er og som me ikkje veit kvar me kan finna. Ein kristen tenkjar har sagt at draumen om Eden ligg i oss menneske som ”Duften av en blomst vi ikkje har sett, ekkoet av en sang vi ikkje har hørt.” (C.S.Lewis i ”Herlighetens byrde”)

I følgje Bibelen er det altså eit grunnleggande trekk med oss menneske at me har ein lengsel i oss som peiker ut over oss sjølve. I følgje Bibelen peiker denne lengsla mot Gud, men det veit me jo ikkje. Og eg trur det er denne lengsla som ofte sender oss ut i ei endelaus jakt på det gode liv. For ein stad må jo det eg lengtar etter vera!

I følgje Bibelen er det altså Gud som er målet for denne draumen vår, lengsla vår.
”Liksom hjorten studenar etter rennande bekker, såleis stundar mi sjel etter deg min Gud.” (Sal 42,2)
”Mi sjel tyrstar etter Gud, etter den levande Gud” (Sal 42,3)
”Også evigheten har han lagt i menneskenes hjerte” (Fork 3,11)
(”Våre hjerter er urolige inntil vi finner hvile i deg Gud”. (Augustin))

Dersom det er slik (og det trur eg det er), så kastar det eit nytt ljos over jakta vår på det gode liv. Det vert det plutseleg ikkje så merkeleg at jakta på det gode liv som oftast vert som jakta på gullkrukka – umogeleg å koma fram, umogeleg å gripa. (Jfr video og Robbie Williams.) Det er ikkje så merkeleg at dersom me jagar det gode liv i materielle ting, eller makt eller status eller kjærestar eller stadig nye kick, så finn me ikkje det me djupast sett leitar etter. For behovet vårt og lengselen vår og draumen vår stikk så mykje djupar enn det desse tinga kan gjeva oss. Me lengtar etter ein annan stad, eit anna land. Etter noko som det er vanskeleg å setja ord på. Men det er ein stad der alt er godt. Der ting forblir (Vamp). Der relasjonar ikkje er så skjøre. Der lukke og kjærleik ikkje er noko som visnar bort og døyr.

Dei fleste av oss har gløymt kvar denne staden er, så me har dikta historiar om den, og gjeve den ulike namn: Utopia. El Dorado. Tirna Noir. Stadane der alt er godt.

Spel Sigvart Dagsland: ”Då barnå forsvant…”

Dvs at jakta på det gode liv peiker ut over seg sjølve. Det peiker mot noko grunnleggande i oss som menneske, om evigheten som ligg i våre hjarto og dormar. Om den stille kviskra av ein Far som gjerne vil ha oss heim att. Djupast sett er vårt sug etter det gode liv retta mot Gud. Og ingen andre ting kan tilfredsstilla denne lengsla: materielle ting, makt, status, kick, rus. Ikkje ein gang kjæreste eller ektefelle. Berre Gud.

Dersom dette er sant (som eg trur det er), kva har det då å seia for liva våre? To ting:
Så lenge me jager andre ting enn Gud, er det gode livet som gullkrukka ved regnbuga sin ende. Altså bør me først av alt søkja Gud. Det skal me koma attende til.
I tillegg trur eg at det kan hjelpa meg å gleda meg over livet slik det er. Jakta på det fullkomne fører stort sett alltid til skuffelsar. Men dersom det er slik at ingenting utanom Gud tåler vekta av mine draumar, behov og lengslar, då treng eg ikkje forventa det perfekte. Og det er litt godt. Det vert ok å ikkje ha det topp heile tida. Det vert ok å ikkje få alt til. Det vert ok å ikkje vera vellukka på alle områder. Og for meg er det frigjerande, og gjer at eg igjen faktisk kan nyta alt det gode eg trass alt har, sjølv om det ikkje er perfekt. Men då slepp eg å verta skuffa. For eksempel: I ein verden utan Gud, fell lett ansvaret for å tilfredstilla mine djupaste lengslar og behov på ”kjærleiken”. ”Kjærleiken” skal fylla alle mine behov, vera alt det som berre Gud kan vera. Dvs på kjæresten min skal vera alt dette. Eller familien min. Relasjonar og kjærleik har slik fått ein enorm vekt lagt på seg. Og eg trur det er ein for stor byrde å bære for eit menneske, at det skal møta alle mine draumar og lengslar og behov. Dersom eg forventer det av den andre, så får forholdet eit slikt press på seg at det ikkje kan vare. Men når eg ser at eg ikkje kan forvente at partnaren min skal møta alt eg lengtar etter og draumer om, skal vera Gud for meg, så er eg plutseleg fri til å verdsetja alt det gode ved han eller ho, sjølv om han eller ho ikkje er perfekt. Slik trur eg også det er på andre område. Når eg veit at det fullkomne berre finst hjå Gud, vert eg ikkje så lett skuffa over at eg ikkje finn det andre stadar. Det ufullkomne vert lettare å godta. Og det tar noko av vekta og presset av livet, og seg meg fri til å gleda meg over alt det som faktisk er bra og godt i livet mitt, sjølv om det ikkje er perfekt.


Jesus Kristus og det gode liv
Men dersom det me djupast sett søkjer når me jaktar på gullkrukka ved regnbuga sin ende er Gud, tyder det at berre ein vert kristen, så vert alt bra? Av og til kan ein få det inntrykket, men eg trur ikkje det stemmer. For når me ser i Bibelen kjem jakta vår på det gode liv inn i eit nytt perspektiv. Eit jag etter det gode livet vil nesten alltid verta eit liv som er sentrert rundt meg sjølve og mine behov. Bibelen lærer oss ein annan måte å leva på. Kort oppsummert så er ikkje Gud sitt største mål med oss at me i dette livet skal oppleva mest mogeleg ”følelsesmessig lukke”, men at me skal verta kjærlegare menneske. Og dei to tinga heng ikkje alltid saman. (GJENTA)

Berre tenkt på Jesus Kristus.
Han opplevde at mange vart sinte av det han sa
Han opplevde å verta forlate av mange som følgde han
Han opplevde at venane hans ikkje var der for han når han trengte dei mest
Getsemane: ”Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda.” (Luk 22,44)
Spotting: Så spytta dei han i andletet og slo han med nevane. Andre slo han på kinnet og sa: ”No kan du vera profet, Messias, og seia kven som slo deg!”(Mt 26,67f)
På krossen: Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: ”Eli, Eli, lema sabaktani?” Det tyder: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”…Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut. (Mt 27,46.50)

Levde Jesus ”det gode liv”? Var målet for livet hans ”det gode liv”? Ivertfall ikkje, dersom me med ”det gode liv” meiner ”følelsesmessig gode opplevingar”.

Eller kva med Paulus? 2 Kor 11,24-30
Var Paulus ”lukkeleg”? Jakta han på ”det gode liv”?

Eg trur me ser at spørsmåla vert irrelevante når me snakkar om Jesus og Paulus. For det var ikkje det liva deira handla om. Paulus hadde fått møta Guds enorme kjærleik til han. Eg er ganske sikker på at Paulus ville sagt at det gjorde livet hans uendeleg mykje rikare enn det hadde vore før. Slik sett var han nok lukkelegare enn han hadde vore. Samstundes så oppdaga han noko med Guds kjærleik. Det er ein kjærleik som gjev seg sjølve for andre, ein kjærleik som ser ut over seg sjølve. ”Eg elskar, difor er du”. Ein kjærleik som er meir opptatt av å handla enn av å føla. Så sjølv om Paulus sitt liv hadde vorte rikare og meir lukkeleg, så fekk han også ein ny fokus for livet sitt: å elska Gud og andre menneske, og det kan innebera smerte og forsaking. Dei første kristne levde liv som var rike på kjærleik og signing, og som samstundes innebar forsaking og smerte. Guds mål for våre liv her på jorda er ikkje at me skal verta så lukkelege som mogeleg, i meining ”å ha så gode følelsar som mogeleg så mykje som mogeleg”. Guds mål for våre liv på jorda er å gjera oss til meir kjærlege menneske, som elsker Gud og vår neste. Og det tyder lukke og gode ting, og det tyder forsaking og smertefulle opplevingar.

Eg trur Jesus og Paulus levde dei liva dei djupast sett ønskja, og at dei opplevde at det var rike og gode liv, sjølv om dei inkluderte mange vanskelege og smertefulle ting. Kanskje er dette visdommen i historia om gullkrukka ved regnbuga sin ende: At lukka er ein av dei tinga du ikkje finn ved å søkja den. Den er umogeleg å gripa. Når me jagar den, så flytter den seg framfor oss. Difor er det luraste å gjera å slutta å jaga. Søk Gud, søk nåden og kjærleiken som du får i Jesus Kristus. Så kan det godt henda du vert lukkeleg, men då er det i så fall eit biprodukt. Noko du får i tillegg til det andre, fordi det ikkje lenger er det som er hovudmålet for livet ditt.

Jakta på det gode liv er ein komplisert sak. Når me søkjer Gud finn me altså at vår søken etter lukke kjem inn i eit heilt nytt perspektiv (jfr ovanfor). For meg er nøkkelen til å forstå kva som verkeleg er vegen til lukke og det gode liv Jesu kross, som på ulike måtar er sentrumet i den kristne tru. Kva fortel krossen oss om vegen til lukke og liv? Kort sagt ser me at for Jesus gjekk vegen til liv og herlegdom gjennom døden, og han kallar sine disiplar til å følgja han på den vegen. Ein kan altså ikkje få lukka utan å bæra ein kross. Vegen til livet går der me ventar det minst: gjennom døden. I Bibelen vert det skildra to grunnleggande ulike måtar å leva livet sitt på:
i. Gen 11: Babels tårn. Illustrerer ein allmenn konsekvens av syndefallet: higen etter å skapa seg eit stort namn. Etter å klatra opp. Etter å koma høgare enn andre. Etter makt, status. Etter å verta sett og beundra. = Mønsteret i syndefallets verden og ”Adam-livet” i oss (evt ”kjødet”).
ii. Jfr Fil 2,5-11: Jesu ”mønster”: Jesus var allereie i himmelen. Han går motsett veg. Bøyer seg ned. Vert liten. Sårbar. Gjev opp alt sitt eige for andre. Levde som ein tenar. Universets skapar døyr på ein kross. Men der snur nedstiginga, og gjennom døden går vegen opp at til himmelen. Han vinn liv og herlegdom, gjennom først å oppgjeva seg sjølve og døy. Og Paulus seier til dei kristne: ”Lat det same huglaget vera i dykk som og var i Kristus Jesus!”(v5) Alle delar av Jesu liv og lære passar inn i dette overordna mønsteret. Jfr for eksempel:
1. Dei siste skal bli dei første. (Mk 10,31)
2. Dei som vil vera store skal vera ein tenarar for alle. (Mk 10, 42-45)
3. Salig er dei fattige, osv (Mt 5,1ff)
4. Elsk dykkar fiendar (Mt 5,44)
5. Joh 13,1ff: Universets skapar og konge kneler ned og vaskar føtene til dei han veit kjem til å svikta han om nokre få timar
6. Osv. Heilt til døden på krossen.
7. Jfr også Paulus. Han også levde etter dette mønsteret. ( 1 Kor 9,19-22; 2 Kor 6,4-10.)
iii. Dette er mønsteret som gjeld i Guds Rike. Jesus seier det slik til sine læresveinar (Mt 16,24-25): ”Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det.” Alle som bar ein kross visste kvar dei var på veg. Dei var på veg for å verta henretta, dei skulle døy.
iv. Jesu kross lærer oss det paradokset at vegen til livet går gjennom døden, også for oss. Difor er det den som misser sitt liv som skal finna det. Dei som ”oppgjev” seg sjølve som ”får” seg sjølve. Det tyder at me er kalla til å la ”Babel-livet” / ”Adam-livet” døy i oss, og la Jesus- mønsteret vinna fram.
1. Evt andre dømer: Frans av Assissi (les bøna hans?) og Mor Theresa.


Når det går mot slutten av Paulus sitt liv set han i fengsel, og han er usikker på kva som skal skje med han. Kjem han til å verta sett fri? Kjem han til å verta drepen? Han skriv brevet til Filipparane medan han sit i fengsel, og der seier han blant anna: ”For meg er livet Kristus, og døden ei vinning. Men kan eg gjera eit arbeid som ber frukt om eg får leva lenger – då veit eg ikkje kva eg skal velja. Eg kjenner meg dregen til begge sider: Eg har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. Men for dykkar skuld er det meir naudsynt at eg får leva.” (Fil 1,21-24)

Sjølv etter at Paulus hadde vorte kjent med Jesus, hald han fram med å lengta. Ja, han haldt ikkje berre fram med å lengta, men det virkar som om lengselen hans vart sterkare. For han hadde fått smaka det fullkomne, og visste at det finst ein stad. Ein gang skulle alle vanskane og lidingane han opplevde i dette livet ta slutt. Han hadde noko godt som venta på han. Det har me også, og det er det siste punktet me skal innom i dag.

Himmelen
For Paulus vert den kristne trua ynkeleg, dersom me ikkje reknar med oppståda og eit evig liv: ”Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.” (1 Kor 15,19) ”Ja, eg døyr kvar dag, brør, så visst som det er dykk eg kan rosa meg av i Kristus Jesus, vår Herre. Var det berre med von for dette livet eg stridde mot villdyr i Efesos, kva hadde det gagna meg?” (1 Kor 15,31f) Utan ein himmel går ikkje trua til Paulus opp. Så går han vidare og samanliknar Jesus med Adam, som levde i Edens hage. Og han seier at på same måte som det Adam gjorde fekk som konsekvensar at alle menneske bur Aust for Eden, så har det Jesus gjort dei konsekvensane at alle menneske kan få gjenoppretta relasjonen sin med Gud og få flytta heim att. ”For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem.” (1 Kor 15,22f).

Vegen heim er opna i Jesus Kristus, den andre Adam, som Paulus kallar han. Og han seier oss at djupast sett er ikkje historia om gullkrukka ved regnbugas fot sann. For den er umogeleg å gripa. I den kristna trua finst lukka, finst den fullkomne kjærleiken, finst staden der alt er godt, der ting forblir, der relasjonane ikkje er så skjøre, der ting ikkje går så lett i stykker, der me ikkje sårar kvarandre så lett. Himmelen er ein verkeleg stad. Gullkrukka finst. Eg trur framleis ikkje at me kan gripa lukka, men me kan verta gripne. Me kan ikkje omfavna lukka og eiga den, men den kan omfamna oss, smelta oss og setja oss fri. Dvs Gud kan gjera dette, og han vil gjera dette.

Ein av dei tinga som vert sagt å kjenneteikna vår generasjon, er at me er generasjonen utan håp. Eg veit ikkje kor sant det er, for eg trur at håpet om noko godt er noko av det som er vanskelegast å drepa. Men eg trur likevel at me er oppdradd i ein kultur der me ikkje skal venta på noko. Me vert ikkje opplært i tålmod. Likevel, i den kristne trua så kjem me ikkje utanom det.

Det finst ein god nyhet til alle dei som draumer, lengtar og håper etter den gode staden, og det er at den finst. Men vegen dit går ein annan stad enn du trur. Som me har sett går den ikkje gjennom ein kvilelaus jakt på lukka. Den går tvert imot gjennom å slutta å jakta på lukka, og i staden søkja Guds sanning, nåde og kjærleik i Jesus Kristus. Når me finn det inneber det ikkje eit smertefritt liv. Det inneberer eit verkeleg liv, med både kjærleik og tap, gleder og sorger – men over heile livet finst det ein horisont, ein himmel, eit håp – om at det me lengtar etter finst. Om at den andre Adam, Jesus, kan gjenoppretta tilliten og trua vår og relasjonen til Gud, og at me har eit heimland, ein himmel i vente.

1 Kor 15,51-57.

Me har eit håp. Den gode staden finst. Og gjennom breva i NT ser me at det er noko som apostlane nytta til å oppmuntra dei kristne til å halda ut i dette livet og til å halda fram med å gjera Guds gjerning. Og det gjer Paulus også her. For etter desse fantastiske orda om korleis døden er overvunnen, held han fram med å seia:

1 Kor 15,58:

Paulus lar oss få sjå inn i himmelen, inn i håpet som ventar oss. Og så drar han merksemda vår attende til livet vårt her: når det er dette som venter dykk, ”så ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet dykkar for Herren!”.

Og til det er det ikkje så mykje meir å seia enn ”amen”.



















Paulus hadde fått oppleva den fullkomne
Generasjon utan håp. Dvs viktig bodskap i dag. For utan himmel vert ”øyeblikkleg behovstilfredstilling” det einaste fornuftige.


Kva tyder så dette for liva våre?
- Tar noko av presset / tyngda / trøkket av livet og relasjonane våre, og kan slik vera med å gjera det lettare å leva. Ting treng ikkje vera perfekte. Då vert det kanskje også lettare å nyta dei? Dersom me aksepterer det ufullkomne trur eg det vert lettare å oppdaga og gleda seg over dei små gledene i livet.
- Det gjev eit nytt perspektiv på liva våre: det er ikkje det gode liv i betydninga ”følelsesmessig lukke” som er målet for livet mitt. Men Guds nåde, sanning og kjærleik i Jesus Kristus. Det viser oss igjen ein kjærleik som peiker ut over meg sjølve og mine eigne behov, og inn i andre menneske sitt liv og behov.
- Håpet




For det første: Me lever alle i landet aust for Eden, og me vil så gjerne tilbake
Me er nøydd å byrja med byrjinga. Då Gud skapte verda, står det at han skapte oss menneske i ei særstilling – av alt Gud skapte er det berre oss menneske det står om at me vart skapte i Guds bilete. Ein av dei tinga det inneber, er at me er på ein spesiell måte skapt til å leva i ein relasjon til Gud. Til forskjell frå dyr og plantar kan me kommunisera med han. Ha fellesskap med han. Ein stad står det om mennesket at ”til og med evigheten la han ned i deres hjerte”. Me er designa til å leva i ein relasjon med vår Skapar, med evigheten.

Men så skjedde det noko. Gud hadde skapt menneska med fri vilje. Og dei nytta viljen sin til å velgja bort gud, for dei ville sjølve vera Herrar over sine liv. Me les om dette i dei første kapitla i Bibelen. Adam og Eva budde på den perfekte staden. Kanskje kan me kalla staden dei budde for Utopia, Eldorado, eller Tirna Noir, for det var den perfekte staden. Det beste med den var at den var verkeleg. I Bibelen vert staden kalla for Eden. Edens hage. Der alt var fred og godt, og der Gud var nær.


Eden var der Gud var nær. Menneska vart hive ut av Guds nærleik. Me lever i landet Aust for Eden. James Dean-film: Opprør, søken, rastløyse, destruksjon. Ting er vanskelege. Relasjonar er vanskelege. Me lever Aust for Eden, men minnet om Eden finst i oss. ”Duften av en blomst vi aldri har sett, ekkoet av en sang vi aldri har hørt.” (C.S.Lewis). Dvs dei djupe draumane og lengslane som finst i oss etter den gode staden, handlar om at me på mange måtar er utanfor, og lengtar etter å koma inn igjen. ”Til og med evigheten la han i deres hjerter” – Ordspråka?
Dvs draumen om det gode, lengselen etter det gode liv, er ikkje så mykje lengselen etter ein fysisk stad, som etter ein gjenoppretta relasjon. Ifølge Bibelen er det Gud som er målet for våre lengslar, og kun han er stor nok til å møta dei. Kanskje det er det som forklarer at regnbuga alltid flytter seg framfor oss, at me ikkje finn lukka gjennom å jaga etter den. Ingen ting anna enn Gud er stor nok til å bæra vekta av våre draumar og lengslar. Då vil dei lett skuffa oss, og verta øydelagte. T.d.: parforhold – partnaren eller ektefellen skal fylla heile dette rommet i meg, skal møta alle mine behov – eit slikt forhold har dårlege forutsetningar for å vara.

Alt anna vert ein avgud, om lengslane vert retta mot dei: draumehuset, kjæresten, osv – vert ein avgud, for dei kan ikkje fylla plassen. Skuffelsen kan då vera med å øydelegga dei tinga som me i utgangspunktet var så glade i.

Difor: steg 1, dersom me søkjer lukka, er å gjenoppretta relasjonen med Gud. Det er no mobeleg gjennom Jesus Kristus. Kva så? Er alle kristne lukkelege? Alltid? Svaret på det er nei, men det er likevel i ein gjenoppretta relasjon med Gud det byrjer.




- Tommy og Tigeren: Propellhua.
- Fare i vår tid: kjærleik skal levera det berre Gud kan gjera. Det kan øydeleggja forhold, for det plasserer ei for stor vekt på det. Vil heller seia at kjærleiken mellom mann og kvinne peiker ut over seg sjølve, til den som kan levere.



- For det første kvar det me søkjer når me jagar lukka er å finna. For me søkjer ofte på galne plassar, og det har konsekvensar.
- For det andre at Bibelen problematiserer jakta på det gode liv. Eit jag etter lukke vil nesten alltid verta eit liv der sentrum er mine eigne behov: det kan vera i seg sjølve gode ting som mitt behov for tryggleik og nærhet, eller kanskje meir problematiske ting som makt og status, og for nokon kan det vera behovet for rus, kick og ekstase. Sjølv om dei fleste av desse tinga brukt på rett måte kan vera Guds gode gåver til oss, kan alle verta ein destruktiv avgud dersom dei vert sjølve hovudmålet livet mitt er retta inn mot. (Målet for våre liv er ikkje å verta mest mogeleg lukkelege menneske, i betydning av ”følelsesmessig velvære”, men at me skal verta så kjærlege menneske som mogeleg. Og kjærleiken peikar ut over meg sjølve og mine behov. ”Amo ergo es”. Illustrert i Jesus. Fil 2,6-11. Var Jesus ”lukkeleg” på krossen? Levde han ”det gode liv”? Jakta han etter ”det gode liv”? Gjorde Paulus? Peter? Nei. Dei ville følgja Jesus og leva hans kjærleik. Sjølvsagt gav det rikdom, kjærleik og gode opplevingar. Men det tydde også forsaking og følelsar av smerte. Det viktigaste var ikkje følelsane dei gjekk gjennom).
- For det tredje er me som kristne heldige. For me har eit håp om ein himmel der alt er godt.

Eg trur denne draumen eller denne lengselen er mest levande hjå oss når me er unge, i tenåra og byrjinga av 20-åra. Men så får me ofte livet i andletet. Ting vert ikkje slik eg hadde tenkt. Livet er komplisert. Relasjonar er komplisert. Draumen er der kanskje framleis, men ein må dempa den, legga band på den, og i verste fall drepa den. For ein ser at livet leverer ikkje varene, og då er det betre å dempa forventningane. Dette kan då lett tippa over i desillusjon. Draumen, lengselen, er berre ungdommeleg naivitet. Når me vert vaksne veit me at den ikkje er verkeleg.

Jakta på det gode liv peiker ut over oss sjølve og mot Gud. Noko som det blant anna virker som om Robbie Williams har innsett: ”It will come in your sweet time Lord, I’ve just got to let you in. The blind leading the blind Lord, it’s getting underneath your skin. I can feel you in the silence, saying let forever be. Love and only love can set you free.” Våre lengslar og vårt jag etter det gode liv, peiker ut over oss sjølve, og mot Gud og vår relasjon til han. Når den relasjonen er på plass, kan også alle dei andre tinga finne sin naturlege plass: festen, ekstasen, alvoret, relasjonane våre, osv.




Fortel ei historie: om jakta på gullkrukka ved regnbuens fot: flytter seg alltid. Kan aldri gripa den. Er alltid der borte, og når me kjem dit, har den flytta seg. Bak neste fjell eller horisont er den sikkert. Eller jakta på El Dorado, fjellet av gull – inspirerte mange kolonisatorar til å gå i døden (jfr V.S.Naipaul). Og då vert lett jakta på det gode liv nettopp det, ein jakt. Ofte ganske slitsam. Ingenting tilfredstiller. For meg er Robbie W eit godt døme. Han er veldig ærleg:
Rus / narkotika
Sex
Berømmelse
Materielle goder
”Feel”: “There’s a hole in my soul, you can see it in my face, it’s a real big place.” “I just want to feel real love and a …” Kvifor er han deprimert? For lukka er ikkje der. Me kan aldri fanga lukka, aldri halda den fast.
”Regnbua vil alltid gå framfor deg. Dersom du fortset, vil den forsvinna.” (Regnet tar slutt eller vinkelen vert gal)
Eg trur lukke er ein av dei tinga som ein ikkje finn ved å leita etter det, men det er eit biprodukt. Dvs lukke kan ikkje vera målet for liva våre. Men det er det, og er det difor det er så slitsamt å leva? Fordi me måler alt mot den perfekte standard?
Alt kan verta ein avgud, dersom det skal bera vekta av våre draumar og håp og lengslar. Paradoksalt nok kan det øydeleggja det. For det skuffer alltid. Kan aldri levera i lengda. Berre Gud er stor nok og verkeleg nok til det.
Når alt skuffar har me to val:
Ein evig jakt. Stadig sterkare stimuli, sterkare effektar. Jfr den flygande hollendar. Det var helvete. Å aldri koma fram, å aldri kunna gå i land, å aldri finna den havna dei leita etter.
Desillusjon, bitterhet, nummen. = vår generasjon? Robbie W: ”Feel”
Roa ned og lytta til ein annan stemme. Gud.
Gud.
Connect med Gud.
i. Årsaka til jakta er at me menneske peikar ut over oss sjølve. Det er ein lengsel i oss, ein lengsel som samstundes er sørgmodig og god, som peiker ut over oss sjølve. ”Evigheten la han i deres hjerter”. Aust for Eden. Gjenopprett relasjonen. Så ifølge Bibelen er det Gud som er målet for våre lengslar, og kun han er stor nok til å møta dei. Alt anna vert ein avgud, om lengslane vert retta mot dei: draumehuset, kjæresten, osv – vert ein avgud, for dei kan ikkje fylla plassen. Skuffelsen kan då vera med å øydelegga dei tinga som me i utgangspunktet var så glade i.
ii. Relasjonar vanskeleg for oss. Den bortkomne Faderen?
iii. Våre lengslar har eit mål og eit opphav. Siter C.S.Lewis i herlighetens byrde?
iv. Bibelen lover så liv, overflod, fred. At ting fell på plass. Likevel: ikkje eit liv i konstant lukkerus. Jfr korleis dei første kristne vart forfulgte. Paulus. Men me får så ein ny standard, eit nytt mål for liva våre:
I Bibelen ser me at målet for livet vårt ikkje nødvendigvis er å vera ”lukkelege”, i betydning å konstant gå rundt med gode følelsar. Var i så fall Jesus lukkeleg? Var Paulus? Men målet er at me skal verta meir kjærlege menneske – og dei to tinga er ikkje alltid det same. Jfr The Chosen, av Chaim Potok.
Kjærleik handlar om å leva rett. Om å ha fokus utanfor seg sjølve. Dvs det er den motsette vegen av å søkja lukke for å verta lukkeleg. Søk Gud, søk å tjena han og andre menneske, søk den andre måten å leva på, der Gud og andre menneske er i sentrum. Då får du oppleva sanninga i Ordet: ”Den som vil vinna livet sitt skal mista det, men den som mister livet sitt for mi skuld skal finna det.”
Lukka er alltid eit biprodukt. Bibelens løyndom er at vegen til livet går gjennom døden. Vegen til å finna seg sjølve går gjennom å mista seg sjølve. Du får gjennom å oppgjeva. Det du gjev til Gud, får du attende. Dersom du sluttar å jaga lukka, men istadan fokuserer på korleis eg kan elska Gud og min neste, så er det sjansar for at du finn lukka (i tillegg til forsaking og smerte) Frans av Assissi si bøn. Og det begynner med å koma til Gud, han som har skapt oss og lagt evigheten i oss, og kallar oss til å koma attende til seg.
Himmelen.

ALTERNATIVT:
Innleiing:
Finn ikkje svaret på våre djupaste behov i det materielle. Jfr Robbie Williams. Tekstane hans. Feel: ”There is a hole in my soul, you can see it in my face, it’s a real big place.”
“Me har alt, men det er også alt me har”.
Prøvd å identifisera områder eg meiner er avgjerande for eit godt liv (ikkje nødvendigvis eit lykkeleg liv. Di to tinga er ikkje nødvendigvis det same.)
Meining, Sanning, Kjærleik, Trygghet.

Meining
Har m samanheng å gjera. Historie, notid, framtid. Og har med sanning å gjera.
Skapt til fellesskap. Lengsel. Aust for Eden. Vitnesbyrd: eg trudde det var svakhet.
Dvs i den kristne tru: den djupaste årsaka til vår situasjon er ein brutt relasjon. Eit forhold som gjekk fløyten. Den gode nyheten går på at Jesus gjorde relasjonen heil igjen ved å døy på krossen for oss. (Siter noko med ”forsoning” / Far / born / kjærleik)
Leier oss over til det neste punktet som har med sanning å gjera. Jfr UFO-kulten. Den gav også meining. Ingen vits med meining dersom det ikkje er sant.
Undring – born (kutt denne?)
Behov i oss. Utan vert verda flat.
Jfr born
Jfr ”før” verda vart forklart. Før me kunne sjå alt på fjernsyn. Gjer verda spanande, mystisk. Eit slør av trolldom, av magi, av noko utanfor oss og over oss. Jfr Mali.
Ikkje tilfeldig i vår tid: Ringenes Herre, Harry Potter.
Jesus på krossen. Kolossarbrevet?

Sanning - ungdom
Leier oss over til det neste punktet som har med sanning å gjera. Jfr UFO-kulten. Den gav også meining. Ingen vits med meining dersom det ikkje er sant.
Hovudtema i moderne filosofi: kva er sant? Aktualisert av pluralismen: kulturar, religionar, livsstilar.
Psotmodernisme og eksistensialisme. Ingen kart. Ingenting å navigera etter. Kva er sant? Finst det noko som er rett og galt eller er det berre eit maktspråk?
Eksistensiell einsemd. Eksistensialistane: kan le meiningsløysa i ansiktet og gjera val. Men sanning finst ikkje. (Pol Pot)
Vanleg: sanning er ord. Me vert bombardert med ord. Dersom ikkje den kristne tru har meir å tilby enn ord er den verdlaust.
Mi oppleving: trudde eg gjekk frå fornuft til ”tru” = ufornuft. Funne ut at det går an å tenkja og vera kristen. Tyder ikkje at eg har fått heile virkeligheten inn i hovudet mitt, men har vorte overbevist om at den kristne tru er minst like intellektuell holdbar som for eksempel ateisme, eller panteisme.
Likevel: Kristendommen er unik i si skildring av kva sanning er. Buddha, Konfucius, Muhammed: ”No skal du høyra. Dette er sanninga”. Jesus: ”EG er vegen sanninga og livet”. Handlar om ein relasjon. Dvs ein er nøydd å koma nær. Ein er nøydd å overgjeva seg.

Kjærleik - vaksen
Handlar om å sjå og å verta sett. Å bli sett. Krav. Prestasjonar. Utsjåande. Ligg djupt i oss: kjærleik er noko du gjer deg fortent til.
Sexolog??? Kjærleik er å kommunisera sine eigne behov på ein tydeleg måte.
Eg tenkjer altså er eg. I Kjærleik: Eg elsker altså er du!!! Handlar om å bryta ut av seg sjølve. Om å lyfta hovudet. Lyfta blikket og sjå den andre. Om å gløyma seg sjølve. Om å verta eitt med andre.
Jfr mine eigneblink av lukke, smak av himmel: når eg gløymde meg sjølve og var ”eitt” med andre.
I kristen tru har dette sitt opphav i Gud. Kjærleiken kjem frå Gud. 1 Joh. 1 Kor 13.
Om å verta eitt med Gud og med andre menneske. Gud som Far som forblir. Ein kjærleik utan krav.
Utfordring i vår tid: Jfr Tveitereid-artikkel: den bortkomne Faderen.

Trygghet - alder
Håp. Behovet for håp blant unge i dag.
Jfr tidlegare: inga meining, inga retning. Dvs nuet er alt som står igjen.
Nyting vert målet. Søkjer sterke opplevingar. Reising. Stoff. Sex. Frå oppleving til oppleving.
Me treng håp. Gjev ei retning. Gjev ei meining for liva våre.

Overgjeving / Utfordring
Behov for å gjeva seg sjølve til noko som er større enn seg sjølve
Dvs: trua på Jesus gjev mykje bra. Likavel redd for å framstilla det som om at du då vil vera happy resten av livet.
i. Jesus bed oss beregna omkostningane
ii. Perla: sel alt og kjøper den.
iii. Den som har handa på plogen og ser seg attende er ikkje verd han.
Ein skatt: det finst noko som er sant, det finst noko som er ekte. Dine lengslar har eit mål – dei er Guds språk til deg. Kjærleik finst. Ikkje berre i bøker og filmar, men i verkeligheten.
sdf

Utfordring:
Er du klar? Vil du ha skatten? Vil du ha perla? I så fall kan du få det.

Forbøn
Evt ta imot Jesus
Tilbod om fellesskap

1 kommentar:

lucymartin6690094752 sa...

Get any Desired College Degree, In less then 2 weeks.

Call this number now 24 hours a day 7 days a week (413) 208-3069

Get these Degrees NOW!!!

"BA", "BSc", "MA", "MSc", "MBA", "PHD",

Get everything within 2 weeks.
100% verifiable, this is a real deal

Act now you owe it to your future.

(413) 208-3069 call now 24 hours a day, 7 days a week.